Birger Berge hefte

Birger byrja å designe luer og vottar for seg sjølv, og er no ein av Noregs mest populære mønsterskaparar. Birgers signatur er tradisjonelle norske plagg i klassiske nordiske mønster.
Han inspirerast av den rike mønsterarven i strikk, broderi og veving, og skapar ut frå dette nye mønster til vottar, sokkar, trøyer, luer og anna.

Til denne kolleksjonen har Birger henta inspirasjon frå tradisjonelle strikkemønster og vevmønster. I strikkemønster ønskjer han alltid at det skal vere enkelt og rytmisk å strikke.
Det kan ein for eksempel sjå på det vevinspirerte trøjemønsteret, der mønsteret består av enkle repetisjonar.
Dei øvrige designa i kolleksjonen har alle det same hovudmotivet, der den tradisjonelle selburosa er satt inn i ei ”sirupsnipp-form”, og er bunde saman med granbar/ ”tell” både i sjølve rosa og rundt motivet. Dette hovudmotivet er brukt i repetisjon i breidda på halsen og lua, i lengda på sokkane, og som einsleg motiv på vottane. Slik gir det same hovudmotivet svært ulike uttrykk avhengig av korleis det er satt saman.

Kjøp
  • kr 79,00 NOK
  • 19 Igjen
100 % SSL Secure